Lån boka
Om boka
Bjørn går i femte klasse. Han har eit forferdeleg sinne som han ikkje klarer å styre. Alle liker å tirre han slik at han blir ustyrleg sint. Ein dag tar sinnet hans heilt overhand, han blir så sint at han forsvinn over til Landet Alltid raudt. Der trenger dei sinnet hans og dei har venta på han og dei hemmelege kreftene hans. Samstundes er det ei jente med namn Runa som begynner å leite etter spor etter Bjørn i vår eiga verd. Runa forstår at det hastar å finne Bjørn før det store slaget skal stå i Landet Alltid raudt. Forteljinga foregår i to verder, den ukjende verda som er full av sinne og vondskap, medan vår verd er full av mystiske personar, spor og hendingar. Dette er ei bok om å bli så sint at det kan gå gale, og om å handle riktig før det er for seint. Nynorsk tekst. Fantasyroman for mellomtrinnet. 175 s. Ib. 2005.