Nei å nei

Roman  •  11 – 15 år

Hundemanuskripta. 1. Nei å nei

Jon Fosse

1995

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

Hunden Websterr har støtt vore tru mot eigaren, gamle Oline, og til denne dag funne seg i å ligge i same senga og høyre på skvulpinga frå magen hennar. Men kva har han så fått ut av hundelivet sitt? Ein gong må han sjå havet, og ein gong må han møte den kvitkrølla hundemora som han har drøymt så mykje om. Websterr ser sitt snitt og rømmer, men oppdagar fort at det frie liv ikkje er så lett og rosenraudt. Lik den heimkomne sonen, kjem han slukøyra attende til matmora. Historia, opplevd gjennom hundeauger, er enkel, fortalt i fabelform der temaene er fleire: einsemd, venskap, ulykkeleg kjærleik, finne seg sjølv og kva er eit lykkeleg liv? Forteljinga er prega av det underfundige, og mange gode tankar blir formidla, tankar tilettertanke. Språket er godt i denne korte boka som har ei spennande og litt krevjande litterær oppbygging. Dette er ei bok like mykje for ein vaksen somfor ein ung lesar. ISBN 8252145809 Hunder har Jon Fosse skrive om før, i dikt og romanar. Så det er kanskje ikkje noko merkeleg at han no også skriv fablar, eller det han sjølv kallar for hundemanuskript - der lesaren denne gongen møter den einsame hunden Websterr. Han lever eit sutlaust liv saman med gamle Oline, som held han så fast inntil seg. Men Websterr har alltid vilja vere den einsame hunden som streifar omkring i skog og mark for å hjelpe ei lita hundemor i største naud! Ei hundemor med det kvitaste, krøllete hår. Han ser sitt snitt til å stikke av ein føremiddag då Oline er ute og hentar inn avisa. (Hundemanu- skripta ; 1) 80 s.

Utgåver

Kontakt

Sånn bruker du biblioteket

Time kommune
Ansvarleg redaktør: Anne Tjørhom Frick
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygd med Libry Content