Tyrihans

Skodespel  •  Eventyr  •  3 – 12 år

Tyrihans : dramatiseret eventyr

Hulda Garborg

2015

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

Hulda Garborgs dramatisering av Asbjørnsen og Moe sin «Tyrihans» blir her ein politisk statement, eit eventyrspel med song og dans i nynorske drama. Tyrihans personifiserer sjølve målrørsla, han er bygdehelten som erobrar ein sentral maktposisjon. Samstundes er ikkje friaren og den politiske bodskapen hovudperson aleine. Prinsesse Iselin bærer kjærleikshistoria i teksten. Garborg gir oss ei psykologisk forklaring på den vrange prinsessa i eventyret, og viser oss ei sorgfull dotter og ei lengtande kvinne. Serien «Drama for barn - teaterets sjel», er gitt ut for å styrke både det historiske medvitet, og for å stimulere til fornying i oppsettingspraksisen, innan norsk barneteater. Alle bøkene i serien har eit biografisk etterord om forfattaren. Skodespel for førskolebarn/mellomtrinnet.

Utgåver