Foto: National Library of Norway
(No restrictions)Hulda Garborg
1862 - 1934
Norsk
Hulda Garborg var ein allsidig forfattar, kulturentreprenør og folkeopplysar. Ho var ei eldsjel og ein pioner i mellom anna målsak, teaterarbeid, kvinnesak, kosthald, bunadsbruk og folkedans. Hulda Garborg gav ut romanar, skodespel og dikt. I aviser, vekeblad og føredrag landet rundt var ho ein aktiv samfunnsdebattant og idealistisk folkeopplysar.
Henta frå Store norske leksikon